Bustadtilsyn og feiing

Brann- og feiarvesenet i Os kommune kjem på bustadtilsyn heime hos deg som har bustad med skorstein og eldstad minimum kvart fjerde år. Då sjekkar vi branntryggleiken og om skorsteinen treng feiing.

Du får varsel i posten i god tid før vi kjem. Feiing og bustadtilsyn er svært viktig for å førebyggje brann. Dersom tidspunktet ikkje høver, er det difor viktig at du tar kontakt for å avtale ny tid så snart som mogleg.

Bustadtilsyn

Du må vere heime ved bustadtilsyn, slik at du kan vise oss rundt i bustaden. Vi sjekkar røykvarslarar, sløkkjeutstyr og rømmingsvegar, at eldstad og skorstein er i orden, og om det er behov for feiing.
Dersom tilsynet avdekker feil og manglar, får du ein tilsynsrapport med frist for å rette opp feila eller tilbakemelding når feilen er retta.

Feiing av skorstein

Hugs å stenge spjeld og ventilar.
Set fram stige dersom feiaren treng stige for å kome til taket. Dersom du har gjort klart og sikra at feiaren kjem til der det er nødvendig, treng du ikkje vere til stades under feiinga. 

Dersom det ikkje er klargjort for feiing og det ikkje er nokon heime, vil det ikkje bli feid. 

Kven gjeld tenesta for?

Eigarar av heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i Os kommune, vil bli automatisk kontakta. Fritidsbustader er ikkje pålagt feiing, men tilsyn og feiing kan bli utført etter avtale. 

Minimum ein gong i året utfører kommunen tilsyn ved særskilte brannobjekt, bygg kor brann kan føre til tap av mange liv eller store skadar på helse, miljø eller materielle verdiar.

Kva kostar det?

Gebyr for bustadtilsyn og feiing

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 04.11.2016 08:14