Eldstad og skorstein

Søknadsplikten for eldstad avheng av om du skal installere i ein eksisterande bustad eller i eit nybygg. Oppføring av skorstein er alltid søknadspliktig.
 

Planlegg du å installere ei meir effektiv og miljøvenleg oppvarmingskjelde? Sjekk om du kan få støtte frå Enova.

  • Meld frå om installasjon av eldstad i eksisterande bustad 

Du treng ikkje søkje, men installasjonen må bli kontrollert av ein kvalifisert kontrollør. Ein kvalifisert kontrollør kan til dømes vere ein representant frå firmaet som installerer eldstaden for deg eller frå brannvesenet. Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad, men vi vil likevel rå deg til å bruke kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Når du har skifta eldstad og fått den kontrollert, må du melde frå til kommunen, slik at vi får registrert eldstaden i samband med feiing og brannettersyn.

Meld frå om installasjon av eldstad

Kontrollerklæring (Vedlegg til melding om installasjon av eldstad)

  • Søk og meld frå om installasjon av eldstad i nybygg 

Du må søkje om å installere eldstad i nybygg før du begynner. Vi vil rå deg til å få hjelp frå kvalifiserte fagfolk til både søknad og installasjon av eldstaden.

a) Søk om installasjon av eldstad (PDF, 28 kB)

Den ferdige eldstaden må bli kontrollert av ein kvalifisert kontrollør, til dømes ein representant frå firmaet som installerer eldstaden for deg eller frå brannvesenet.

Når du har installert eldstad og fått den kontrollert, må du melde frå til kommunen slik at vi får registrert eldstaden i samband med feiing og brannettersyn.

b) Meld frå om installasjon av eldstad

  • Søk om oppføring av skorstein

Det er ingen formelle krav til den som skal føre opp skorsteinen, men vi vil likevel rå deg til å bruke kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet. Skorsteinen må kontrollerast av kvalifisert kontrollør

Søk om oppføring av skorstein (PDF, 25 kB)

Kor skal du sende søknad og/eller melding?

  • Melding om installasjon av eldstad, vedlagt kontrollerklæring, skal sendast elektronisk.
    Meldinga vil då automatisk bli registrert i vårt sak-/arkivsystem og påført sakshandsamar.
  • Søknadsskjema (eldstad og skorstein)  kan sendast som e-post til postmottak@os-ho.kommune.no eller i brev til Os kommune, postmottak, postboks 84, 5202 Os.

Kontakt

Joakim Janssens
Feiar
Mobil: 476 57 435
Hans Marius Hauge
Feiar
Telefon: 56 57 53 42
Mobil: 982 34 452
Svein Rune Frantzen
Feiar
Telefon: 56 57 53 49
Mobil: 982 34 451
Jan Olav Birkeland
Feiar
Telefon: 56 57 53 45
Mobil: 982 34 449