Fyrverkeri

Du treng ikkje søkja om løyve for å skyta opp fyrverkeri på nyttårsaftan mellom klokka 18.00 og 02.00. Dersom du skal skyte opp fyrverkeri andre dagar enn nyttårsaftan, må du fyrst søkje politiet og brannvesenet om løyve. 

Slik søkjer du 

Desse opplysningane må vera med i søknaden:

  • Namn på søkjar
  • Adresse/stad for oppskyting av fyrverkeri
  • Type arrangement (t.d. bryllaup eller anna)

Send søknad på e-post til brannsjef@os-ho.kommune.no og post.hordaland@politiet.no

Bruk vernebriller og tennstav når du handterer fyrverkeri, og ta omsyn til publikum og bygg, eller overlat fyrverkeriet til sertifiserte pyroteknikarar.

Kontakt

Stein  Gjøsund
Stein Gjøsund
Brannsjef
Telefon: 56 57 53 44
Mobil: 982 34 427