Slik er isen

Os brann- og redningsvesen måler isen på utvalde vatn ein gong i veka i kuldeperiodar. Sjølv om isen er farbar, må du alltid vere varsam og merksam når du ferdast på han.

Resultat frå ismålinga:

Ingen målte vatn i Os kommune har farbar is.

Sist måling: 13. februar 2017 med kontrollmåling 15. februar.

Desse vatna måler vi:

  • Lekvenvannet
  • Tveitavannet ved skulen
  • Banktjørno
  • Gåsakilen
  • Langavannet på Drange
  • Strønevannet
  • Ulvenvannet nord
  • Ulvenvannet sør

Igjen, ingen hadde farbar is!

For at vi godkjenner og skilter vatn med trygg is, må vi ha målt 90 prosent av vatnet til å ha 15 centimeter eller tjukkare is.

Følg isvettreglane!

  1. Ha respekt for isen.
  2. Ikkje gå på is om du ikkje kan svømme
  3. Hald deg på sikker is.
  4. Ver spesielt merksam på is om hausten og våren, og på is som er dekt av snø.
  5. Bruk alle sansane når du går på isen
  6. Gå fleire saman.
  7. Ta med deg tilstrekkeleg sikringsutstyr
  8. Om du går gjennom isen, ikkje få panikk.
  9. Om andre går gjennom isen, hald avstand.

Kontakt

Stein  Gjøsund
Stein Gjøsund
brannsjef
Telefon: 56 57 53 44
Mobil: 982 34 427