Meld frå om arrangement eller fakkeltog

Send melding på e-post til brannsjefen på brannsjef@os-ho.kommune.no. Du får svar per e-post dersom ikkje anna er avtalt.

Melding om arrangement

Planlegg du eit arrangement i eit bygg eller område som ikkje normalt brukast til slike hendingar, må du melda frå til oss i god tid. Ansvarleg person må setja seg inn branninstruksen i det aktuelle bygget.

Desse opplysningane må vera med i meldinga:

  • Namn på ansvarleg person
  • Stad og adresse for arrangementet
  • Dato og tidspunkt
  • Kort skildring av type arrangement og om lag kor mange personar som vil møta

Melding om fakkeltog

Planlegg du å arrangera fakkeltog eller anna markering med faklar, må du melda frå til oss i god tid.

Desse opplysningane må vera med i meldinga:

  • Namn på ansvarleg person
  • Dato og tidspunkt
  • Kva for trasé fakkeltoget vil følgja
  • Formål med fakkeltoget
  • Tal på deltakarar

Melding om overnatting i lokale som ikkje er godkjend som overnattingsstad

Planlegg du overnatting i eit lokale som ikkje er godkjend som overnattingsstad, til dømes ein barnehage eller skule, må du melda frå til oss i god tid. Ansvarleg person må setja seg inn branninstruksen i det aktuelle bygget.

Desse opplysningane må vera med i meldinga:

  • Namn på ansvarleg person
  • Stad og adresse for overnattinga
  • Dato og tidspunkt
  • Tal på barn og vaksne
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 13.10.2016 12:41

Kontakt

Stein  Gjøsund
Stein Gjøsund
brannsjef
Telefon: 56 57 53 44
Mobil: 982 34 427