Har du lyst å bli besøksheim?

Vi søker etter heimar som kan gje barn og unge positive opplevingar, samstundes som foreldra får eit pusterom frå omsorgsoppgåver. Har du interesse av og overskot til å arbeide med barn og unge oppforderer vi deg til å søke om å bli besøksheim.

Det er viktig at besøksheimen har trygge og stabile vaksne personar som har husrom og hjarterom. Vi ser etter deg som er omsorgsperson, raus og tålmodig. Vi ser etter deg som har tid og overskot til å vere besøksheim for eitt eller fleire barn.  

Kva er ein besøksheim

Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med store omsorgsoppgåver eller andre utfordringar som krev avlastning. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen som barnet har hos sine biologiske foreldre.

Det vanlege er å vere besøksheim ei helg i månaden, og ei besøkshelg strekkjer seg frå fredag til søndag.

Søknadssskjema besøksheim - generelt (.pdf)
Send søknad til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5202 Os
Har du spørsmål? Ta kontakt med Guri Ljones, tlf. 56 57 52 12 eller mail glj@os-ho.kommune.no

Søknadsskjema besøksheim - barnevernet (.pdf)
Send søknad til Os kommune, Barneverntenesta, Postboks 84, 5202 Os
Har du spørsmål? Ta kontakt med Bjørg Eide, tlf. 16 72 909 eller mail bje@os-ho.kommune.no  

Kontakt

Guri  Ljones
Guri Ljones
koordinator for fungsj.hem.
Telefon: 56 57 52 12
Bjørg Eide
Bjørg Eide
saksbehandlar
Mobil: 916 72 909