Brukarstyrt personleg assistanse

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei teneste tilpassa funksjonshemma som treng praktisk og personleg assistanse i kvardagen, både i og utenfor heimen. Målet er eit mest mogleg aktivt og sjølvstendig liv trass i funksjonshemminga.

Brukaren er arbeidsleiar

Innanfor det timetalet som kommunen gjev, kan brukaren i prinsippet styre kven han eller ho vil ha som hjelpar og kva assistentar skal gjere.

Brukaren sjølv, eventuelt ved hjelp av nærståande, leier sine assistentar, tar ansvar for organisering og innhald av tenesta i høve til eigne behov.

Sjølv om brukaren ikkje har det formelle arbeidsgjevaransvaret som BPA-arbeidsleiar, er det likevel eit omfattande ansvar. Han eller ho har mellom anna hovudansvaret i rekrutterings- og tilsettingsprosessane gjennom annonsering, intervju og utvelging av assistentane.

BPA-arbeidsleiaren skal setja opp arbeidsrutiner og utarbeida arbeidsplanar, gjennomføra personalsamtalar, følgja opp timeregistrering og elles følgja opp reglane i arbeidslivet.

Kven kan søkja om tenesta?

  • Personar som har nedsett funksjonsevne, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet, og som er i stand til å rettleie assistenten (ta arbeidsleiarrolla). 
  • Personar som ikkje kan ta arbeidsleiarrolla sjølv, som t.d. personar med psykisk utviklingshemming. 
  • Familiar med barn som er funksjonshemma.

Du har rett til å bli vurdert for brukarstyrt personleg assistanse dersom du har langvarig (over 2 år) stort behov for assistanse og er under 67 år. Rettigheitskravet for BPA er knytt til timetal over 25/32 timar.

Slik søkjer du om brukarstyrt personleg assistent

  • Du treng ein legeattest for å søkja
  • Dersom det er andre som søkjer for deg, må du leggja ved fullmakt
  • Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 52002 Os
  • Det er den som treng hjelp, ev. pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden

Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?

Kva skjer vidare med søknaden?

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 31.10.2016 09:54

Kontakt

Birgit Nora Holsen
Birgit Nora Holsen
Leiar Bestillar- og forvaltarkontoret
Telefon: 56 57 50 35
Mobil: 916 54 099