Arbeidsleiarrolla - kva inneber den?

Reint praktisk er brukarstyrt, personleg assistent (BPA) eit verktøy for funksjonshemma som sjølv, eventuelt ved hjelp av nærståande, kan leia sine assistentar, og påta seg ansvar for organisering og innhald av tenesta i høve til eigne behov, innafor kommunalt vedtak og tildelt timetal. 

Sjølv om du ikkje har det formelle arbeidsgjevaransvaret som BPA-arbeidsleiar, påtek du deg likevel eit omfattande ansvar. Det blir forventa at arbeidsleiaren skal ha hovudansvaret i rekrutterings- og tilsettingsprosessane gjennom annonsering, intervju og utvelging av assistentane.
BPA-arbeidsleiaren skal setja opp arbeidsrutiner og utarbeida arbeidsplanar, gjennomføra personalsamtalar, følgja opp timeregistrering og elles følgja opp reglane i arbeidslivet.