Dagtilbod for eldre

Oshaugen - dagsenter for eldre (Øyvind Gjerde / Os kommune) - Klikk for stort bileteOshaugen - dagsenter for eldre (Øyvind Gjerde / Os kommune)

Dagsenter er eit aktivitetstilbod for heimebuande eldre som har behov for eit aktivitetstilbod eller sosial kontakt.
Det eine dagsenteret ligg i Oshaugen (biletet over), og det andre ligg på Luranetunet.

Kontaktinformasjon

  • Oshaugen dagsenter: Telefon 56 30 73 00
  • Nyhagen dagsenter: Telefon 56 57 56 50 / 479 05 915
  • Spørsmål vedk. søknad om plass: Os kommune v/Bestillar- og forvaltarkontoret, tlf. 56 57 50 00 (sentralbord)

Opningstider:

  • Oshaugen dagsenter:
    Måndag, tysdag, torsdag kl. 10.00 - 15.00
  • Nyhagen dagsenter har tilbod til to ulike grupper for personar med demenssjukdom. Den eine gruppa har tilbod måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag kl. 10.00 - 15.00.
    Den andre gruppa for yngre personar med demenssjukdom har tilbod onsdag, fredag, laurdag kl. 10.00 - 15.00, samt måndag og torsdag kl. 13.00 - 19.00

Kven kan søkja om dagopphald?

  • Heimebuande eldre som har behov for aktivitetstilbod eller sosial kontakt.
     

Kva kan vi tilby?

  • Turgåing
  • Formingsaktivitetar
  • Song
  • Trim
  • Bingo
  • Avislesing

Vi legg stor vekt på å kunna samlast rundt hyggelege måltid med næringsrik mat, og brukarane får tilbod om både frukost, middag og eit mellommåltid med frukt.

Tilbodet vert tilpassa den enkelte, kan variera frå ein dag i veka til fem dagar i veka.

Brukarane vert henta og kjørt heimatt med buss.

Slik søkjer du

  • Dersom det er andre som søkjer for deg, må du leggja ved fullmakt
  • Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Kryss av for dagopphald.
  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 52002 Os
  • Det er den som treng hjelp, evt. pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden

Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?

Kva skjer vidare med søknaden?

Kva kostar tenesta?

Prisane vert fastsette årleg av Os kommunestyre.
Sjå Os kommune sitt avgiftsbudsjett for 2016 (PDF, 626 kB), side 9.

Kontakt

Astrid Egge  Døsen
Astrid Egge Døsen
Leiar dagsenter
Mobil: 469 59 731 (Kl. 8-15)
Kari  Wågsæther
Kari Wågsæther
Rådgjevar Bestillar- og forvaltarkontoret
Telefon: 56 57 51 82
Mobil: 916 83 210