Nyhagen dagsenter

Nyhagen dagsenter er eit sosialt aktivitetstilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt/demenssjukdom. Dagsenteret ligg på Luranetunet.

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for personar med kognitiv svikt/demenssjukdom som bur heime.

Vi tilbyr

  • Turgåing
  • Hagearbeid
  • Formingsaktivitetar
  • Song
  • Trim
  • Bingo
  • Avislesing

Vi legg stor vekt på å kunne samlast rundt eit bord til hyggelege måltid med næringsrik mat. Du får tilbod om både frukost, middag og eit mellommåltid med frukt.

Tilbodet blir tilpassa den enkelte, og kan nyttast frå éin til fem dagar i veka.

Vi hentar deg, og køyrer deg heim med minibuss.

Opningstider

Måndag til fredag, kl. 10.00-15.00.

Slik søkjer du

  • Dersom det er andre som søkjer for deg, må du leggja ved fullmakt
  • Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Kryss av for dagopphald.
  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 52002 Os
  • Det er den som treng hjelp, evt. pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden

Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?

Kva skjer vidare med søknaden?

Har du spørsmål i samband med søknad om plass?

Ring bestillar- og forvaltarkontoret i Os kommune på 56 57 50 00 (sentralbord).

Kva kostar tenesta?

Sjå pris.

Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Os.

Kontakt

Astrid Egge Døsen
Astrid Egge Døsen
dementkoordinator
Telefon: 56 57 56 22
Mobil: 469 59 731