Oshaugen dagsenter

Oshaugen dagsenter er eit sosialt aktivitetstilbod for heimebuande eldre. Vi held til i Oshaugen 1.

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for eldre som bur heime.

Vi tilbyr

  • Turgåing
  • Formingsaktivitetar
  • Song
  • Trim
  • Bingo
  • Avislesing

Vi legg stor vekt på å kunne samlast rundt eit bord til hyggelege måltid med næringsrik mat. Du får tilbod om både frukost, middag og eit mellommåltid med frukt.

Tilbodet blir tilpassa den enkelte, og kan nyttast frå éin til fire dagar i veka.

Vi hentar deg, og køyrer deg heim med minibuss.

Opningstid

Måndag, tysdag, onsdag og torsdag kl. 10.00-15.00.

Slik søkjer du

  • Dersom det er andre som søkjer for deg, må du leggja ved fullmakt
  • Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Kryss av for dagopphald.
  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 52002 Os
  • Det er den som treng hjelp, evt. pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden

Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?

Kva skjer vidare med søknaden?

Har du spørsmål i samband med søknad om plass?

Ring bestillar- og forvaltarkontoret i Os kommune på 56 57 50 00 (sentralbord).

Kva kostar tenesta?

Sjå pris.

Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Os.

Kontakt

Astrid Egge Døsen
Astrid Egge Døsen
avd.leiar
Telefon: 56 57 56 22
Mobil: 469 59 731