Omsorgsløn

Omsorgslønn er ei ordning som skal legge til rette for privat omsorgsarbeid frå pårørande og andre når dette blir rekna som det beste for brukaren.

Lønna skal gi deg ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet du gjer. Kommunen avgjer om du får omsorgsløn og kva nivå lønna skal ligge på.

Kven kan søke om omsorgsløn?

Har du eit særleg tyngande omsorgsarbeid, kan du søke om omsorgsløn.

Situasjonar som kan utløyse omsorgsløn:

  • Omsorg for personar som er heilt avhengig av omsorg frå andre grunna funksjonshemming, kronisk sjukdom eller sjukdom med dødeleg utgong.

  • Særleg tyngande omsorgsarbeid for personar der det blir vurdert at omsorg frå foreldre / pårørande er best og nødvendig.

  • Barn under 18 år har rett til pleie, stell og omsorg frå foreldra sine. Dette gjeld anten barnet er funksjonshemma eller ikkje.

Kva er særleg tyngande omsorgsarbeid?

I vurderinga av særleg tyngande har sosialdepartementet lista opp desse momenta:

  • Omsorgsoppgåva sin karakter
  • Om oppgåvene er særleg tyngande psykisk og/eller fysisk
  • Forventa lengde av omsorgsbehov og situasjon
  • Kontinuitet i behov og belastning når det gjeld omsorg
  • Omfang av tid som blir brukt og fordelinga av denne over døgn/veker
  • Om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
  • Om omfang av omsorgsoppgåvene aukar eller avtar over tid.
  • Om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen

Slik søkjer du om omsorgsløn

  1. Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (set kryss for omsorgsløn).
  2. Skriv ut skjemaet, skriv under og send det til Os kommune, bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 52002 Os.
  3. Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmakt.

Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?

Kva skjer vidare med søknaden?

Utmåling av omsorgsløn

Kommunen skal sørge for at den omsorgstrengande sitt samla hjelpebehov blir dekka, men det er kommunen som i utgangspunktet vel kva form hjelpa skal ha. Kommunen kan tilby anna hjelp som dekker omsorgsbehovet, når dette er vurdert som det beste for den omsorgstrengjande, eller at det er betre bruk av  kommunen sine ressursar.

Omfanget blir rekna ut frå omsorgsbelastning, der andre offentlege tiltak går til fradrag, for eksempel hjelpestønad. Det vil seie at omsorgslønna blir vurdert ved endring av andre tenester/offentlege tilbod.

Omsorgsløn blir stoppa når omsorgsarbeidet opphøyrer, som ved avlastningsopphald eller kortidsopphald i sjukeheim.

Den som mottar omsorgsløn pliktar å informere kommunen i slike tilfelle og melde frå dersom behovet for hjelp endrar seg.

Andre aktuelle hjelpeordningar

Andre aktuelle offentlege hjelpeordningar som det offentlege kan tilby i staden for, eller i tillegg til omsorgslønn er:

  • heimetenester
  • avlastning
  • støttekontakt
  • dagtilbod som dagsenter, plass i barnehage / skulefritidsordning
  • hjelpestønad til tilsyn og pleie

Sjå meir informasjon om dei ulike tenestene