Parkeringsløyve for forflyttingshemma - søknad

Parkeringsløyvet er meint som eit hjelpemiddel for personar som grunna vesentleg nedsett rørslehemming har eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stadar.

For at du skal få parkeringsløyve er det ikkje tilstrekkeleg å påvisa ein sjukdomstilstand som avgrensar rørsleevna. Det er også eit krav at at det ordinære parkeringstilbodet ikkje er tilstrekkeleg for å dekka dine behov. Problem med å bera vert i liten grad lagt vekt på.

Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.

Kven kan søkja om parkeringsløyve? 

Både førar og passasjer av motorvogn kan søkja om parkeringsløyve for rørslehemma når ein oppfyller følgjande vilkår:

  • Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevega deg over lengre avstandar.
     
  • Du må kunna dokumentera eit særleg behov for parkeringsløyvet ved bustad, arbeid / skule eller i samband med regelmessig, medisinsk behandling

Om passasjeren sin rett til parkeringsløyve

Rørslehemma som ikkje kjører sjølv, skal som hovudregel kjørast til framkomststaden og følgjast inn. Deretter skal bilførar flytta bilen til ordinær parkeringsplass. Det er ikkje naudsynt med parkeringsløyve for å gjera dette.

Rettleiing for søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma

I rettleiinga kan du lesa meir om passasjeren sin rett til parkeringsløyve og om kva som meinest med særlege behov.

Slik søkjer du

Før du fyller ut søknadsskjemaet tilrår vi at du les gjennom heile rettleiinga for søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma.

Der vil du få hjelp og gode råd om utfylling av søknaden,  informasjon om prioritering, om bruk av parkeringsløyvet med meir.

Framgangsmåte:
Gjeld både deg som søkjer for første gong og for deg som søkjer på nytt.

Du kan skriva ut skjemaet og fylla det ut manuelt, eller du kan fylla ut side 1 på pc-en, skriva det ut og skriva under

  1. Fyll ut søknad om parkeringsløyve for rørslehemma
  2. Legeattest - skal fyllast ut av lege og leggjast ved søknaden.
  3. Søkjer du som førar, skal kopi av gyldig førarkort leggjast ved,
  4. Søkjer du som passasjer, skal kopi av ID-kort leggjast ved.
  5. Send, eller levèr søknaden med legeattest og naudsynte vedlegg til
    Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5202 Os

Har du parkeringsløyve og skal søkja på nytt?
Ver ute i god tid, og send inn ny søknad med naudsynte vedlegg seinast ein til to månader før det tidlegare løyvet går ut.

Kva skjer vidare med søknaden?

  • Det er bustadkommunen som kan gje parkeringsløyve til den rørslehemma.
  • Løyvet kan gjevast for avgrensa tid, maksimalt 5 år, men ikkje for mindre enn 2 år. Ved periodiske behov, kan det likevel gjevast løyve for kortare tid.
  • Løyvet er personleg.  Viss søknaden blir innvilga, må vedkomande som får løyvet, levera inn eit bilete av seg sjølv i passfoto-storleik. Både namn og bilete vil bli plassert på løyvet.
  • Du vil få svar innan ein månad, og svaret vert sendt i posten.
  • Treng vi fleire opplysningar eller dokumentasjon i saka, vil du få brev om dette.
  • Søknaden vert avgjort innan fire veker frå den datoen vi har tilstrekkeleg informasjon til å gjera eit rett vedtak.
  • Får vi ikkje tilstrekkeleg informasjon, vil søknaden bli avvist

Prioritering

For at det skal vera mest mogeleg lik behandling av søkjarane i ulike kommunar har vi valt å følgja Bergen kommune sine retningsliner. Dette medfører noko strengare vurdering av søknadane enn det som har vore praktisert  tidlegare i Os kommune.
Det er få plassar tilgjengelege berre for rørslehemma, og det må difor prioriterast strengt kven som skal få parkeringssløyve.

Rettleiing for søknad om parkeringsløyve for rørslehemma

I rettleiinga kan du lesa meir om prioritering og innvilging av søknad med meir.

Klagerett

Får du avslag på søknaden, kan du klaga til Os kommune v/Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5202 Os.

Dersom kommunen opprettheld avslaget, sender Bestillar- og forvaltarkontoret klagen vidare til ei særskild klagenemnd som er oppnemnd av Os kommunestyre, for endeleg avgjerd.

Når vedtak om avslag er gjort i klagenemnda, er Vegdirektoratet neste klageinstans.

Reglane er baserte på Forskrift om parkering for forflytningshemmede av 15. mars 1994 nr. 222

Kontakt

Ann-Sissel Hustad
Rådgjevar Bestillar- og forvaltarkontoret
Telefon: 56 57 51 66
Kari  Wågsæther
Kari Wågsæther
Rådgjevar Bestillar- og forvaltarkontoret
Telefon: 56 57 51 82
Mobil: 916 83 210