Følgjekort

Har du fysiske eller psykiske funksjonshemmingar kan du få eit følgjekort. Følgjekortet gjer at du kan å ta med deg ein person utan ekstra kostnadar på kultur- og fritidsarrangement og på transportmidlar der ordninga blir akseptert.

Kva får du?

Du får eit bevis som gjev følgjepersonen din gratis adgang til arrangement og transportmidlar som aksepterar ordninga. Følgjekortet er personleg med bilete og underskrift. Det står på kortet kor lenge det er gyldig - til vanleg fem år om gongen.

Kven kan søkja om følgjekort?

  • Ordninga med følgjekort gjeld for personar med varig funksjonshemming.
  • Du må ha trong for følgjekort for å kunna delta på offentlege kultur- eller fritidsarrangement, eller for å kunna nytta offentlege transportmiddel.
  • Nedre aldersgrense er normalt 8 år.
  • Det er ikkje økonomisk prøving av trongen for følgjekort, og ordninga er ikkje knytt opp til om søkjar er trygda.

Korleis søkja om følgjekort?

  1. Fyll ut skjema for søknad om følgjekort
    Det er den som treng følgje som skal skriva under søknaden, evt. pårørande med fullmakt.
    Gjeld søknaden ein under 18 år, må føresette skriva under søknaden.
  2. Du må leggja ved vurdering frå primærlege eller legespesialist. Skjema for dette finn du saman med søknadsskjemaet
  3. Med søknaden må du levera 1 stk. passfoto
  4. Søknad med vedlegg sendast til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5202 Os

Treng du fleire enn ein følgjeperson, må den sakkunnige gjera greie for dette på eige skjema (sjå vedlegg til søknadsskjema). For dei funksjonshemma dette gjeld, vil det visa på følgjekortet

Handsaming av søknad

Det er Bestillar- og forvaltarkontoret som handsamar søknaden. Søknaden vert handsama så snart alle opplysningar er innhenta. Greier vi ikkje dette innan ein månad, vil du få melding. 

Kva kostar det å få følgjekort?

  • Det kostar ingenting å få følgjekort.
  • På arrangement eller offentleg transport kjøpar du billett til ordinær pris, men den som er med deg får følgje gratis der følgjekort blir akseptert. Du kan ta kontakt direkte med arrangør eller verksemd for å høyra om dei aksepterer følgjekort. 

Kven kan vera følgjeperson?

Du veljer sjølv kven du vil bruka som følgje frå gong til gong. Det kan t.d. vera ein ven, støttekontakt, familiemedlem eller andre. For å kunna vera følgje, må vedkomande ha fylt 16 år.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 19.10.2016 12:35

Kontakt

Bestillar- og forvaltarkontoret
Postboks 84
Telefon: 5202 Os
Jorun Elin  Dahl
Jorun Elin Dahl
Rådgjevar Bestillar- og forvaltarkontoret
Telefon: 56 57 53 95
Mobil: 904 76 659