Transportordninga er eit ikkje lovfesta tilbod til personar over fylte 9 år som bur i Hordaland som ikkje kan nytte vanleg rutetransport og/eller som har funksjonshemming/sjukdom som venteleg vil vare i meir enn 2 år.

Har du fysiske eller psykiske funksjonshemmingar kan du få eit følgjekort. Følgekortet gjer at du kan å ta med deg ein person utan ekstra kostnadar på kultur- og fritidsarrangement og på transportmidlar der ordninga blir akseptert.

Parkeringsløyvet er meint som eit hjelpemiddel for personar som grunna vesentleg nedsett rørslehemming har eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader.