For støtte- og fritidskontaktar

Ein støttekontakt hjelper personar i alle aldrar som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del i kultur- og fritidsaktivitetar utanfor heimen. Støttekontakten får løn av kommunen.

Ein støttekontakt kan gå på besøk til brukaren, bli med på tur, kino, kafé, trening eller andre sosiale aktivitetar. Brukaren sine interesser og ønskje avgjer. Det skal vere givande både å ha og å vere støttekontakt.

 

Søk om å bli støttekontakt/fritidskontakt

  1. Fyll ut søknadsskjema
  2. Legg ev. ved kopi av vitnemål og attestar
  3. Send søknaden til:
    Os kommune, Kultureininga v/Kristin Vangsnes Bøe, Postboks 84, 5202 Os

Dersom kommunen ikkje har eigna oppdrag ledig, kan godkjende støttekontaktar/fritidskontaktar stå på venteliste til vi finn rett oppdrag.

Kven kan vera støttekontakt / fritidskontakt?

Vi krev ingen fagbakgrunn, men ein støttekontakt/fritidskontakt må ...

  • .. vera påliteleg og stabil
  • .. ha gode samarbeidsevner
  • .. ha respekt for andre menneske
  • .. ha overskot til å gje av seg sjølv
  • .. ha evne til å etablera kontakt
  • .. vera trygg på seg sjølv
  • .. kunna setja grenser

Vi ønskjer at det å vera støttekontakt/fritidskontakt skal vera gjevande og hyggeleg. Samstundes er det viktig at tilbodet til tenestemottakaren blir både tenleg og forsvarleg. Alder, kjønn, personlegdom og interesser speler ei avgjerande rolle når støttekontakt/fritidskontakt blir kopla til tenestemottakaren.

Kontakt

Kristin Vangsnes Bøe
Kristin Vangsnes Bøe
Oppfølging av støttekontaktane
Telefon: 56 57 52 54