Søk om å få støttekontakt/fritidskontakt

Støttekontakt er eit tilbod til personar i alle aldrar som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del i kultur- og fritidsaktivitetar utanfor heimen.

Søk om å få støttekontakt / fritidskontakt

  • Dersom andre søkjer for deg, må du leggja ved fullmakt
  • Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester .

  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 52002 Os
  • Det er den som treng hjelp, ev. pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden

Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?

Kva skjer vidare med søknaden?

Dette tilbyr vi

Målsetjinga for støttekontakttenesta er å hjelpe den enkelte til å få ei aktiv og meiningsfylt fritid. Gjennom samvær og aktivitet kan ein støttekontakt/fritidskontakt bidra til å auke tenestemottakaren si evne til å utfalde seg, meistre ulike livssituasjonar, auke trua på seg sjølv og bli kjend med nye menneske og miljø.

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis. Du skal ikkje betala for utgiftene til støttekontakten. Støttekontakten får løn frå kommunen.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 31.10.2016 09:59

Kontakt

Guri  Ljones
Guri Ljones
koordinator for fungsj.hem.
Telefon: 56 57 52 12