Tilrettelagt transport (TT-kort)

Kontaktinformasjon:

  • Hordaland fylkeskommune, Samferdselsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen
    Telefon sentralbord: 55 23 90 00
  • Os kommune, Kommunetorget, Rådhuset, 5200 Os
    Telefon: 56 57 50 00

Kven kan søkja om TT-kort?

Transportordninga er eit ikkje lovfesta tilbod til personar over fylte 9 år som bur i Hordaland og

  • .. som ikkje kan nytte vanleg rutetransport
  • .. som har funksjonshemming/sjukdom som venteleg vil vare i meir enn 2 år

Søk om TT-kort

Gå til Hordaland fylkeskommune sin nettside . Der finn du meir informasjon om tenesta, samt søknadsskjema:

  • Eigenerklæring som du fyller ut sjølv
  • Legeerklæring som legen din skal fylla ut

Begge skjema må vera fylte ut før søknaden vert behandla, og vi rår til at begge vert sendt/levert til kommunen samstundes.

Send søknaden til Os kommune, Postboks 84, 5202 Os, eller levér han i Kommunetorget på rådhuset.

Kva skjer vidare med søknaden?

  • For prioriterte grupper er det Kommunetorget som gjer vedtak i saka.
  • Elles vert søknaden sendt vidare til Hordaland Fylkeskommune, som føretek vidare saksbehandling.
Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 20.10.2016 15:03