Melda frå til barnevernet

Både privatpersonar og offentlege instansar kan melde frå til barnevernstenesta om at eit barn kan ha det vanskeleg. Det kan vera foreldre, vener, grannar, barnehage/skule, helsestasjon eller andre som ser at eit barn treng hjelp.

Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.

Det blir ikkje kravd at du har observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding.

Slik melder du frå

  • Dagtid: Ring barnevernet i Os på 901 82 850.
  • Ettermiddag, kveld, helg og heilagdagar (kl.17-02): Ring Barnevernvakta i Bergen på
    telefon 55 36 11 80 eller ring politiet på 112.
  • Du kan ringja gratis til den landsdekkande Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111. Meldinga di blir då formidla vidare til barnevernet der barnet bur.
  • Du kan òg sende bekymringsmelding (PDF, 265 kB) til oss per post: Barneverntenesta i Os kommune, Postboks 84, 5202 Os
  • Barnevernet held til i 2. etg. i Os rådhus

Du kan velja å vera anonym, men barnevernet må informera familien om innhaldet i meldinga. 

10 spørsmål og svar om kva tid det er rett å melda frå til barnevernet
 

Dette skjer etter at vi har fått meldinga

Når barneverntenesta får melding om barn som treng hjelpetiltak, skal vi leggje bort meldinga dersom ho er klart grunnlau, starte undersøking dersom det er grunn til å tru at det er behov for tiltak etter barnevernlova eller leggje bort meldinga dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte.

Barnevernstenesta skal skaffe dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og kan velje å engasjere en sakkyndig person til å greie ut meir om saka. I så fall skal rapporten frå den sakkyndige sendast til Barnesakkyndig kommisjon til vurdering. Kommisjonen si vurdering av rapporten skal vere motteken av barnevernstenesta før det blir gjort viktige avgjerder i saka.

Kor lang tid tar det?

  • Barnevernstenesta skal snarast, og seinast innan éi veke, gjennomgå innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar.
  • Du skal få ei stadfesting innan tre veker om at meldinga er motteke. Dette gjeld ikkje når meldinga er klart grunnlaus.
  • Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.