Adopsjon

Når du adopterer eit barn, tek du det til deg som ditt eige. Adoptivbarnet får den samme rettslege stillinga som om barnet hadde vore det biologiske barnet ditt. Rettsforholdet til den opphavlege familien til barnet opphøyrer.

Adopsjonsprosessen er mellom anna avhengig av om du kjenner barnet på førehand eller ikkje.

Dei fleste adopsjonar som blir gjennomførte, er adopsjon av ukjent barn frå utlandet. Organisasjonane som formidlar barn med tanke på adopsjon, gir råd om val av land. Slik adopsjon startar med ein søknad om førehandssamtykke til å adoptere eit barn frå utlandet. Inntil adopsjonssøknaden blir send ut av landet, kan søkjarane også vere registrerte som adoptivsøkjar til eit ukjent barn innanlands.

Mange ulike situasjonar kan føre til eit ønske om adopsjon av eit kjent barn innanlands. Eit barn kan bli adoptert av stefaren, stemora eller fosterforeldra.

Kontaktinformasjon

  • Os kommune v/Barneverntenesta, Postboks 84, 5202 Os,
    Leiar: Linda Hevrøy, telefon: 56 57 53 27 /  97 15 69 89
    e-post: postmottakbarnevern@os-ho.kommune.no
     
  • Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), sekretariatet for Fagleg utval for adopsjonssaker, telefon: 466 15 000
    e-post: post@bufdir.no

Kriterium for å adoptera barn

  • Adopsjonen skal vera til beste for barnet
  • Adoptivsøkjarane må ha god helse både fysisk og psykisk
  • Det blir lagt vekt på trygg og stabil økonomi
  • Dei som søkjer om adopsjon saman, må vera gifte med kvarandre. Det krevst minimum to års ekteskapstid
  • Generelt gjev det barn større tryggleik å ha to foreldre enn éin. For søkjarar som er einslege, blir det vurdert om dei har spesielle ressursar når det gjeld barn
  • Til vanleg blir det ikkje gjeve godkjenning til søkjarar over 45 år
  • Ved adopsjon av eit kjent barn, må det ha utvikla seg eit foreldre-barn-forhold over ei viss tid
  • Norske styresmakter krev at adopsjon av born frå utlandet må skje gjennom ein av desse adopsjonsorganisasjonane: Adopsjonsforum, InorAdopt eller Verdens barn.  Du kan kontakte ein av dei for å få informasjon og teikna medlemskap.

Slik søkjer du om adopsjon

  • Søknad om adopsjon av eit ukjent barn i Noreg eller utanlands skal sendast via Os kommune, Barneverntenesta, Postboks 84, 5202 Os
     
  • Søknad om adopsjon av fosterbarn skal sendast via barnevernstenesta i den kommunen som har omsorga for barnet.
     
  • Søknad om stebarnsadopsjon kan sendast direkte til Barne-, ungdoms- og familieetaten sitt regionkontor

Oversikt over skjema
 

Vedlegg til søknad:

  • Søknadsskjemaet inneheld ei oversikt over kva dokument som skal følgje søknaden.
  • Dokument som er utarbeidde med formålet adopsjon, skal sendast i original versjon.
  • Andre vedlegg kan sendast som kopi dersom kopien er stadfesta av offentleg tenestemann eller advokat.
  • Stadfesting frå ein av adopsjonsorganisasjonane om at dei har teke på seg å formidla adopsjon, er eitt av vedlegga som skal følgja søknaden

Treng du råd og rettleiing om søknadsprosessen?
Ta kontakt med barnevernstenesta eller kundeombodet i kommunen.

Ved parallelle søknader om born innanlands og utanlands blir det laga to søknadssett. Du kan kontakta Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), sekretariatet for Fagleg utval for adopsjonssaker, når det gjeld søknad om å bli registrert som adoptivsøkjar innanlands. Telefon 466 15 000, post@bufdir.no.

Kva skjer vidare med søknaden?

Kommunen granskar søkjarar som ønskjer å adoptera eit norsk eller utanlandsk barn og gjev tilråding. Deretter blir søknaden med kommunen si tilråding send  til regionkontoret i Bufetat.

Regionkontoret er det statlege, regionale adopsjonsmyndet som gjer vedtak i dei fleste adopsjonssaker.

Klage

Ei eventuell klage skal sendast via regionkontoret, men må stilast til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Klagefristen er tre veker frå eit eventuelt avslag er motteke.
Sjå òg www.bufetat.no.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 17.10.2016 09:33

Kontakt

Linda Hevrøy
Linda Hevrøy
Leiar Barnevernet
Telefon: 56 57 53 27
Mobil: 971 56 989