Er du bekymra for at eit barn er utsett for vald eller seksuelle overgrep?

Kontakt konsultasjonsteamet mot vald og seksuelle overgrep i Os kommune.

Å vere utsett for eller vitne til vald og overgrep er skadeleg for barn. Ofte kan symptoma vere vanskelege å tyde. Mange kvir seg for å melde frå, og er redde for å ta feil eller gjere vondt verre.

Det verste du kan gjere er å ikkje gjere noko. Søk råd og rettleiing så tidleg som mogleg for å sikre at barnet får den hjelpa det treng.

Dette kan konsultasjonsteamet hjelpe med

Konsultasjonsteamet er ei tverrfagleg samansett gruppe. Du kan ta kontakt med gruppa når du er bekymra for eller har mistanke om seksuelle overgrep, vald eller anna mishandling mot barn.
Konsultasjonsteamet gir også råd og rettleiing der barn vert utsett for overgrep av andre barn.

Konsultasjonsteamet skal ikkje gripe inn i eller overta ansvaret i saker. Konsultasjonsteamet kan gi råd om kva for instansar som kan hjelpa deg vidare. Teamet kan òg gi råd om korleis du kan samtale med barn og familien.

Medlemmar i konsultasjonsteamet

  • Koordinator Anne Heggland, tlf. 98499710
  • Kommunepsykolog Sunniva Barman Teige, tlf. 99379839
  • Kommunelege Jon Aamaas, tlf. 99042113
  • Helsesøster Anne H. Sundfjord, tlf. 91173771
  • Meistringsteamet Merete Lekven, tlf. 46953298
  • SLT-koordinator Elin Tuft, tlf. 90810495

Kven kan ta kontakt?

Alle som er bekymra for at barn og unge kan vere utsett for seksuelle overgrep eller vald kan ta kontakt med konsultasjonsteamet.

Konsultasjonsteamet har fast møte ein gong i månaden, elles ved behov. 
Du og teamet møtast, slik at du kan fortelje om di bekymring.

Alle saker blir drøfta anonymt og konfidensielt.

Slik tar du kontakt

Ring telefon 901 82 850 eller send e-post til konsultasjonsteamet@os-ho.kommune.no
Du kan òg ta direkte kontakt med ein av dei andre medlemmane i teamet på e-post eller telefon.