Har du lyst til å bli besøksheim?

Vi søker etter heimar som kan gje barn og unge positive opplevingar, samstundes som foreldra får eit pusterom frå omsorgsoppgåver. Har du interesse av og overskot til å arbeide med barn og unge oppfordrar vi deg til å søke om å bli besøksheim.

Det er viktig at besøksheimen har trygge og stabile vaksenpersonar som har husrom og hjarterom. Vi ser etter deg som er ein omsorgsperson, raus og tålmodig. Vi ser etter deg som har tid og overskot til å vere besøksheim for eitt eller fleire barn.  

Kva er ein besøksheim

Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med store omsorgsoppgåver eller andre utfordringar som krev avlastning. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen som barnet har hos sine biologiske foreldre.

Det vanlege er å vere besøksheim ei helg i månaden, og ei besøkshelg strekkjer seg frå fredag til søndag.

Søk om å bli besøksheim

Har du spørsmål om søknadsskjema?
Ta kontakt med Bjørg Eide, tlf. 916 72 909 eller mail bje@os-ho.kommune.no  

Kontakt

Guri  Ljones
Guri Ljones
leiar
Telefon: 56 57 52 12
Bjørg Eide
Bjørg Eide
saksbehandlar
Mobil: 916 72 909