Foreldrerettleiing

Å vere foreldre betyr små og store utfordringar. Fleire einingar i kommunen tilbyr hjelp til foreldre og barn.

Ønskjer du hjelp og råd?

Helsestasjon for barn og ungdom

Ring helsestasjonen på 56 57 51 64 eller kom innom.

Skulehelsetenesta

 

Helsestasjonspsykologen

  • Støttesamtalar med gravide, nybakte foreldre og foreldre i livskriser.
  • Støttesamtalar i samband med fødselsdepresjon.
  • Rettleiing til foreldre, om til dømes søvn, mat og grensesetjing

Ring 56 57 52 39 (8-15) eller send e-post til lks@os-ho.kommune.no for å avtale time.

Kommunepsykolog for barn og unge

  • Samtalar og oppfølging av barn og foreldre, fyrst og fremst barn i skulealder.
  • Samarbeid med skule, barnevern, helsesøster, PPT og andre ved behov.
  • Kan hjelpa med kartlegging og eventuelt visa vidare ved mistanke om meir alvorlege psykiske helseplager.

Ring 56 57 50 00 (8-15) eller send e-post til psykolog@os-ho.kommune.no for å avtale time.

Hjelp for barn og unge med avhengigheitsproblem

Ressursteamet Tidleg innsats førebyggjer avhengigheit av rus eller speling hos unge mellom 14 og 25 år.

Barneverntenesta 

Målet for barneverntenesta si rettleiing er å gjere foreldre betre rusta til å hjelpe barna sine i ulike fasar. Tilbodet er retta mot barn under 18 år og deira foreldre.

  • Rådgjeving for foreldre som er bekymra for eit barn si utvikling.
  • Råd og rettleiing i foreldrerolla etter vedtak om hjelpetiltak.
  • Samarbeid med skule, familierådgjevingskontor, barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP) og andre. Barneverntenesta rådgjev òg andre faginstansar ved bekymring for eit barn.
  • Rådgjeving for foreldre i samband med støttekontakt og besøksheim.
  • Hjelp til sjølvhjelp.

Ring 901 82 850 (8-15) eller send e-post til postmottakbarnevern@os-ho.kommune.no
Ikkje ver redd for ta kontakt med oss ved små eller store bekymringar. 

Kveld/natt og helg: Os kommune har avtale med Barnevernsvakta i Bergen utanom vanleg kontortid. Ring 55 36 11 80.