Om barnevernet

Når barnet på grunn av tilhøva i heimen, eller av andre grunnar, har særleg behov for det, skal barneverntenesta setja i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Omsynet til det som er det beste for barnet, er avgjerande.

Barneverntenesta har teieplikt i barnevernsaker.

Slik tar du kontakt med barnevernet

  • Dagtid: Ring barnevernet i Os på 901 82 850
  • Ettermiddag, kveld, helg og heilaggdagar (kl.17-02): Ring Barnevernvakta i Bergen på tlf 55 36 11 80 eller ring politiet på 112
  • Du kan ringe gratis til den landsdekkande Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111. Meldinga di blir då formidla vidare til barnevernet der barnet bur. 
  • Du kan òg sende melding til oss per post: Barneverntenesta i Os kommune, postboks 84. 5202 Os
  • Barnevernet held til i Brugata 28, 5200 Os i 2.etg.
    Fredag 30. august er kontoret stengt. 
  • e-post og telefonnummer til tilsette i barneverntenesta

Ikkje ver redd for å ta kontakt med oss. Terskelen for å ta kontakt for å få råd og rettleiing, skal vere låg.

Kven kan få hjelp frå barnevernet?

  • Barn under 18 år.
  • Når barnet samtykkjer, kan tiltak førast vidare til barnet har fylt 23 år.

Behov for hjelpetiltak må vera dokumentert.

Kva kan barnevernet tilby?

  • Rettleiing og råd om foreldrerolla 
  • Visa vidare til t.d. familierådgjevingskontor eller barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP)
  • Skaffa avlasting i besøksheim
  • Støttekontakt
  • Økonomisk hjelp
  • Gje hjelp til sjølvhjelp
  • Formidling av plass i fosterheim og institusjon 

Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Vi legg vekt på å finna årsakene til vanskane og drøfta dei med foreldra og barnet.

Kva kostar det å få hjelp frå barnevernet?

All hjelp og rettleiing frå barneverntenesta er gratis