Ved bekymring eller mistanke om overgrep eller vald mot barn

Er du bekymra for at eit barn vert utsett for vald eller seksuelle overgrep? Kontakt Konsultasjonsteamet mot vald og overgrep i Os

Å vera utsett for eller vitne til vald og overgrep er skadeleg for barn. Ofte kan symptoma vera vanskeleg å tyda. Desse sakene er kompliserte og fagleg krevjande fordi dei rører ved tabuer og kjensler. Det kan derfor vera nyttig å søkja råd og rettleiing så tidleg som muleg for å sikra at barnet får den hjelpa det treng.
 

Kva er konsultasjonsteamet?

Konsultasjonsteamet er ei tverrfagleg samansett gruppe. Ein kan ta kontakt med gruppa når ein er bekymra for eller har mistanke om seksuelle overgrep, vald eller anna mishandling mot barn.
Konsultasjonsteamet gir også råd og rettleiing der barn vert utsett for overgrep av andre barn.

Kven er med i konsultasjonsteamet?

  • Koordinator : Anne Heggland tlf.: 98499710
  • Kommunepsykolog: Sunniva Barman Teige tlf.: 99379839
  • Kommunelege: Jon Aamaas tlf.: 99042113
  • Helsesøster: Anne H Sundfjord tlf.: 91173771
  • Meistringsteamet: Merete Lekven tlf.: 46953298

Kven kan ta kontakt med konsultasjonsteamet?

Alle som er bekymra for at barn og unge kan vera utsett for seksuelle overgrep eller vald.

Korleis kan ein ta kontakt?

Konsultasjonsteamet har fast møte ein gong i månaden, elles ved behov. Saker til teamet kan ein melda via mail eller på telefon.
Den som ber om råd møter sjølv i teamet og legg fram problemstilling/sak. Alle saker vert drøfta anonymt.
Møtedatoar for konsultasjonsteamet finn ein på Os kommune si heimesida oskommune.no under ”Barn og familie”.
Konsultasjonsteamet skal ikkje gripa inn i eller overta ansvaret i saker. Konsultasjonsteamet kan gje råd om kva for instansar som kan hjelpa deg vidare. Teamet kan og gje råd om korleis du kan samtala med barn og familien.

Os kommune: 56575000

Dagvakt telefon: 901 82 850

E-post: konsultasjonsteamet@os-ho.kommune.no