Tidleg innsats - hjelp og råd til unge som har problem med rus, speling og/eller dårleg psykisk helse


Er du uroa over at ein ungdom du kjenner har problem med rus, speling og/eller dårleg psykisk helse? Di handling kan endra retninga i eit ungt liv.

Jo tidlegare ein får hjelp til å takle vanskane, jo større er sjansen for å kome seg ut av den negative spiralen. Utan hjelp kan avhengigheit utvikla seg raskt, og øydeleggja for både notid og framtid.
 

Kva kan vi tilby?

  • Hjelp til å førebyggja avhengigheit av rus eller speling hos unge mellom 14 og 25 år
  • Råd og rettleiing, støttesamtalar og oppfølging
  • Ev. vidare tilvising til spesialisthelsetenesta
  • Koordinering av hjelpetilbod
  • Kort ventetid
     

Kven kan ta kontakt?

Den som er på veg inn i avhengigheit, ser det ofte ikkje sjølv. Difor er det ekstra viktig at vi som er rundt tar teikna på alvor.
Svært ofte er rusproblemet eit symptom på andre, bakanforliggande ting som den unge treng hjelp for å løyse.

Er du mor eller far, tante eller onkel, syster eller bror, lærar, helsepersonell, trenar, nabo, klassekamerat eller ven av ein ungdom som slit? Eller kjenner du sjølv at du har problem?

Ta kontakt med oss.

Slik tar du kontakt

Ruskonsulent tek imot telefonen og gjev råd og rettleiing i den einskilde saka og/eller tek saka vidare til ressursgruppa.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 10.02.2016 08:42

Kontakt

Jan Rune Bakke
Jan Rune Bakke
Ruskonsulent
Telefon: 56 57 51 32
Mobil: 948 42 068