Os kommune sitt kriseteam gir støtte og oppfølging til personar som har akutt behov for hjelp i samband med tragiske dødsfall, kriser og ulukker.

Dersom det skjer eller kan skje ulukker eller andre alvorlege hendingar i eller i tilknytting til Os kommune, har kommunen ein beredskapsplan som gjeld heile organisasjonen. Vi har i tillegg delplanar som dekker bestemte fagområde.