Mekling ved samlivsbrot

Det følgjer ofte både sinne og sorg med ein separasjon eller eit samlivsbrot, både for dei vaksne og barna. Det er viktig for barna at dei vaksne gjer sitt beste for at separasjonen og tida etterpå ikkje skal bli vanskelegare enn ho må vere.

Kva er formålet med mekling?

Å hjelpe foreldre til å samarbeide til det beste for barna, sjølv om parforholdet tar slutt.


Kven skal gå til mekling?

  • Ved samlivsbrot skal alle ektefeller og sambuarar med felles barn under 16 år møta til mekling.  Dette er bestemt i ekteskapslova og barnelova.
  • Alle som ønskjer å bringa ei sak om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast eller samværsrett inn for ein domstol.

Slik bestiller du tid for mekling

  1. Bruk Skjema for bestilling av time, eller....
  2. .... ring direkte til meklaren for å avtale tid.

Aktuelle tider:

  • Måndagar frå kl. 17.00 og utover (Eva-Mari Solberg)
  • Torsdagar frå kl. 17.00 og utover (Sam Arnesen)

Barne- ungdoms- og familiedirektoratet: Meir informasjon om mekling

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 23.08.2016 13:09