Helsestasjon for barn

Alle barn som bur i kommunen vår får oppfølging av Os helsestasjon med tilbod om heimebesøk, besøk på helsestasjon, helseundersøking, vaksinasjon, rettleiing og rådgjeving av helsesøster og lege.

Her finn du oss

Helsestasjonen for barn held til i 1. etasje i Os rådhus. Velkomen!

  • Ring 56 57 51 64 eller kom innom. Venterommet fungerer som ope hus på dagtid, sjølv om du ikkje har avtale. Helsestasjonen er open frå klokka 8 til 15 (til klokka 17 måndag).
  • Sjå oversikt og telefonnummer til helsesøstrene ved Os helsestasjon.

Faste kontrollar for barn mellom 0-6 år ved Os helsestasjon

Ved dei faste kontrollane måler vi lengde og vekt, undersøker barnet si utvikling, gjev råd og svarer på alle typar spørsmål.

  • 0-2 veker, helsesøster kjem på heimebesøk
  • 2-4 veker 
  • 6 veker
  • 3, 4, 5, 6 månader
  • 7-8 månader
  • 10 månader
  • 11-12 månader
  • 15 månader
  • 17-18 månader
  • 2 år
  • 4 år 
  • 5-6 år 

Alle barn blir undersøkt av lege ved desse kontrollane:

  • 6 veker
  • 6 månader
  • 1 år
  • 2 år
  • 5 år

Du vil få innkalling til undersøkinga i posten.

Vaksinasjon

Barnevaksinasjonsprogrammet startar vanlegvis når barnet er 6 veker, og følgjer dette programmet.

Kvifor vaksinere?

Tilbod til førstegongsforeldre

Kontakt

Os helsestasjon
1. etasje i Os rådhus
Telefon: 56 57 51 64
Postadresse :
Postboks 84, 5202 Os