Barsel: oppfølging dei første dagane etter fødsel

På Os nærjordmorsenter kan jordmor følgja opp deg og barnet dei første fem dagane etter fødselen. 

Barseltelefon: Ring 468 27 754 kl. 12 - 15, måndag til fredag

  • Helg og heilagdagar er nærjordmorsenteret stengt. Ved behov kan du då ringe barseltelefonen på Kvinneklinikken: tlf. 414 99 042
  • Ved akutt sjukdom: ring 113

Slik følgjer vi opp deg og barnet ditt

Vi tar kontakt med deg innan klokka 14 første arbeidsdag etter at du og barnet er komne heim. Deretter avtaler vi neste kontakt. For at tida vi har saman skal bli nytta på best mogeleg vis, er det viktig at du seier frå om kva du ønsker hjelp til, slik at vi kan tilpasse oppfølginga til deg og barnet ditt. Jordmor set av tid til å svara på spørsmål.

Frå barnet er 6 dagar, vil helsesøster følgja opp barnet ditt. 

På barselavdelinga på KK får du utlevert «Føllingspakke», om du reiser heim før det er gjort nyføddscreening av barnet. Ta med deg «Føllingspakke» og skjemaet «Melding om fødsel» ved heimreise. 

Ring Nærjordmorsenteret om du ikkje høyrer frå oss innan klokka 14 første arbeidsdag etter at du og barnet er komne heim. 

Informasjon om barseoppfølging (PDF, 120 kB) (PDF, 120 kB)

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 17.02.2016 13:26

Kontakt

Os nærjordmorsenter
2. etasje i Os rådhus, inngang B
Telefon: 56 57 51 64