Familieteamet

  • Er du bekymra for barnet ditt si utvikling sosialt, følelsesmessig eller på andre område?
  • Ønskjer du å få til god samhandling med barnet ditt?
  • Er du redd for at barnet ditt slit psykisk og ønskjer hjelp til å finne ut av det?
  • Strevar du i foreldrerolla? Ønskjer du råd for korleis det kan bli lettare? 

Familieteamet i Os kommune tilbyr rettleiing og støtte til foreldre og barn med ulike typar utfordringar.

Kven er Familieteamet og kva gjer vi?

Familieteamet er sett saman av fagpersonar frå ulike einingar i kommunen.  Vi tilbyr rettleiing, kurs og grupper for foreldre, og samtaler med barn og foreldre. Vi samarbeider med andre tenester i kommunen for å kunne gi best mogleg hjelp. Vi kan òg hjelpe familiar med barn/unge med psykiske helseproblem, anten ved å tilby behandling eller ved å vise vidare til spesialisthelsetenesta.

    Slik tar du kontakt med oss

    Ring leiar for Familieteamet, Sunniva B. Teige på telefon 56 57 51 55 eller ta kontakt med helsesøster eller kontaktperson i PPT eller barneverntenesta, så blir du vist vidare til oss.

    Kontakt

    Sunniva Barman Teige
    Leiar Familieteamet/kommunepsykolog
    Telefon: 56 57 51 55
    Mobil: 993 79 839