Helseteneste for flyktningar

Formålet med tenesta er å gi asylsøkarar og flyktningar i kommunen nødvendig helsehjelp og rettleiing i korleis det norske helsevesenet fungerer.

Her finn du oss

  • Helsesøsterkontor,  2. etasje i Rådhuset
  • Telefon: 56 57 50 00 / 922 82 434

Kven kan ta kontakt?

Asylsøkarar, flyktingar og personar som har kome til Noreg i samband med familiegjenforeining, som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen, har rett til nødvendige helsetenester på same måte som andre som bur og oppheld seg i kommunen.

  • For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald.
  • For personar over 18 år som har ulovleg opphald, gir lova berre rett til akutt helsehjelp.

Dette tilbyr vi

  • Tuberkulosekontroll
  • Samtaler, råd og rettleiing

Os kommune har eigen koordinator for flyktningar dei 5 første åra dei bur i Noreg. Koordinatoren hjelper flyktningane å finne fram i det norske systemet og kan tilby samtaler, råd og rettleiing. Koordinator for flyktningar samarbeider tett med NAV og driv undervisning i Vaksenopplæringa.

Ved behov, hjelper vi vidare innan kommunale tenester som til dømes PPT, psykisk helse eller fysioterapi. Vi kan òg vise vidare til spesialisthelsetenesta.

Pris

Tenestene er gratis. Hos fastlege eller spesialist må du betale ein eigedel.

Kontakt

Marita  Wallevik
Marita Wallevik
fagleiar
Telefon: 56 57 50 36
Mobil: 922 82 434