Trygg start

Trygg start er eit frivillig og gratis tilbod til familiar som kan ha nytte av tettare oppfølging i svangerskapet og i spedbarns- og småbarnsperioden.

Kva tilbyr vi?

Familien og vi som jobbar i Trygg start-teamet startar kontakta medan mor er gravid. Trygg start-teamet består av jordmor, helsesøster og psykolog. De vil få tett oppfølging av jordmor i svangerskapet. Helsesøster følger opp med jamlege heimebesøk frå barnet er fødd.
Oppfølginga har fokus på samspel og meistring i foreldrerolla med utgangspunkt i kva de som familie har behov for. Tilbodet kan gjelde fram til barnet fyller to år og kan avsluttast før, om familien ønskjer det.

Kven er tilbodet for?

Du/de kan ha utfordringar knytte til fysisk/psykisk helse eller tidlegare eller pågåande rusproblem. De kan òg vere sårbare på grunn av erfaringar frå eigen oppvekst, vere unge/einslege eller ha andre utfordringar i møte med foreldrerolla.

Tilbodet er gratis.

Slik tar du kontakt

  • Du kan sjølv ta kontakt med jordmor på telefon 476 78 276 eller kontor 56 57 51 64. Fastlege, familie, nettverk og samarbeidspartnarar kan også ta kontakt.
  • For å bestille time til første konsultasjon hos jordmor kan du òg sende e-post til fht@os-ho.kommune.no
  • Oppgi berre namn, adresse, telefonnummer, termindato og om du treng tolk, så tar vi kontakt med deg.

Her finn du oss

Os nærjordmorsenter ligg i 2. etasje i rådhuset, inngang B.

Velkommen til oss!

Kontakt

Ingrid Brita Lid Nordø
jordmor
Telefon: 56 57 52 06
Mobil: 476 78 276