Gratis HPV-vaksine til kvinner

Kvinner som bur i Os, som er fødde i 1991 og seinare, får tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV) gjennom eit toårig vaksinasjonsprogram. 

Slik bestiller du tid for vaksine

Ring oss på 918 00 892 eller 922 82 434 og avtal tid.

Om HPV-vaksinen

Vaksinen er anbefalt til unge kvinner for å førebygge livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdommen. Vaksinen kan gi vern sjølv om du har debutert seksuelt.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i sjuandeklasse sidan 2009. Frå hausten 2016 får uvaksinerte kvinner fødde i 1991 og seinare også tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varar i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt i løpet av 6-12 månader og må derfor startast opp innan utgangen av 2018.

Les meir om HPV og vaksinen