Tryggleikssjukepleiar

Tryggleikssjukepleiar er ein erfaren sjukepleiar som kan gi råd, rettleiing og informasjon om helsefremjande og førebyggande tiltak.

Målet er å skape tryggleik og trivsel, og styrke meistring av kvardagen, slik at du kan bu i eigen heim så lenge som mogeleg.

Kven kan få hjelp frå tryggleikssjukepleiar?

Alle over 77 år som ikkje allereie mottek tenester frå pleie- og omsorgstenesta i kommunen. 

Kva kan vi tilby?

Tryggleikssjukepleiar tar kontakt per brev med tilbod om eit førebyggjande og helsefremjande heimebesøk av ein erfaren sjukepleiar.
Samtalen kan dreie seg om, til dømes:

  • Korleis du opplever kvardagen
  • Trivsel, nettverk og nærmiljø
  • Fysisk aktivitet og kva aktivitetar som er viktige for deg
  • Kosthald og ernæring
  • Bustaden din, og om du er trygg i heimen
  • Informasjon om kommunale tilbod og andre tenester
  • Det du elles måtte ynskja å snakke om

Du kan óg få hjelp til å fylle ut eventuelle søknader.

Teieplikt og lagring av opplysningar

  • Tryggleikssjukepleiar har teieplikt.
  • Eit heimebesøk vert avslutta med ei kort, skriftleg oppsummering. Du må gje samtykkje til at oppsummeringa kan lagrast i kommunen sitt datasystem og sendast som kopi til din fastlege.
    Opplysningane er sikra mot innsyn av uvedkomande

Korleis går eg fram for å få hjelp?

  • Du, eller dine pårørande kan ta direkte kontakt med tryggleikssjukepleiar på telefon eller e-post.
  • Du treng ingen søknad eller tilvising

Kva kostar tenesta?

Tilbodet er frivillig og utan kostnad.

Aktuelle samarbeidspartar

Kontakt

Bjørg Aspenes Sjøbø
Bjørg Aspenes Sjøbø
Tryggleikssjukepleiar
Telefon: 56 57 50 21
Mobil: 900 12 091