"Takk, bare bra..." Eit kurs for deg over 65 år

Kurset er for deg over 65 år som ønskjer ei forandring. Mange opplever ulike formar for tap, som dårlegare helse eller tap av venner og familiemedlemmar. Dette kan føre til einsemd, tristheit, uro og bekymringar.

Kurset er både for deg som ønskjer å førebygge depresjon og for deg som føler deg nedfor.

Kurset lærer deg metodar for hjelp til sjølvhjelp, og tar deg gjennom samanhengen mellom tankar, kjensler, fysiske reaksjonar og kva du sjølv kan endre i eige liv.

Kurset er utvikla av Geriatrisk ressurssenter i Oslo

Praktisk informasjon

Kurset varer i to timar éin dag i veka, over ni veker. Vi har ein samtale med kvar enkelt deltakar før kursstart. Kurset kostar kr 400,- inkludert kursbok og lett servering.
Kursstad: Os rådhus
Kursleiarar: Bjørg A. Sjøbø og Anne Britt Røttingen
Oppstart: 24. september 2019

Slik melder du deg på

Ta kontakt med tryggleikssjukepleiar for informasjon og påmelding til neste kurs.

Kontakt

Bjørg Aspenes Sjøbø
tryggleikssjukepleiar
Telefon: 56 57 50 21
Mobil: 900 12 091