FriskOs

FrisklivMestring-til-trykk_Logo 10cm - Klikk for stort bilete

Kurs for grupper av barn 1.-4. klasse med vektvanskar.
Kurset er eit samarbeid mellom Friskliv og mestring, helsesøster og kommunal fysioterapeut

Mål

Kurset er eit tilbod som skal leggja til rette for meistring ved å gje auka kunnskap, inspirasjon og motivasjon til endring av livsstil for heile familien. Vidare skal det gje oppleving av at det er enkelt å ta rette val for god helse i

 

Om kurset

 

Gjennomføring og oppfølging

  • Kurset har 12 samlingar for foreldre og 20 samlingar for barn
  • Foreldra møter annakvar veke i samtalegrupper der ulike tema vil bli drøfta.
    Barna møter ein time  kvar veke til fysisk aktivitet.
     
  • Kurset følgjer skuleåret, med start av gruppa i månadsskiftet august / september.
  • Nærare tid for oppstart vert kunngjort på Os kommune sine nettsider og Os kommune si facebookside
  • Kursserien blir avslutta i mai med gruppesamtale for dei føresette og aktivitetar for barna.
     
  • Før kursstart, ønskjer vi ein samtale kring helse og livsstil. Dette vil vi avtala nærare
  • Familien vil bli kontakta pr. telefon ein gong i sommarferien for å få råd, oppmuntring og støtte. 
  • Helsesøster vil 4 gongar gjennom kurset ha ei samlingsstund med barna før treninga startar. I desse treffpunkta vil barna få høve til å fortelja korleis dei opplever det å vera deltakarar på kurset.
  • Familiane vil både undervegs i kurset og etter kursslutt kunna be om individuelle samtalar og oppfølging.
     
  • Skulehelsetenesta tar over oppfølging med samtalar 4 gongar første skuleåret etter avslutta kurs. Å oppretthalda fysisk aktivitet vil vera eit tema i desse samtalane.

 

Kursinnhald

  • Kosthald og ernæring
  • Glede ved å vera i aktivitet
  • Motivasjon og meistring
  • Endring og vanar
  • Grensesetting og gode rutiner
  • Sjølvkjensle, sjølvbilete og sjølvhevding
     

Pris

Kurset er gratis.
 

Påmelding

Ring 416 36 894 eller send e-post til frisklivssentralen@os-ho.kommune.no
Det er ynskjeleg med påmelding via mail eller sms

Kontakt

Karen Hope  Nilsen
Karen Hope Nilsen
Leiar Frisklivssentralen
Mobil: 416 36 894