Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til deg mellom 13 og 20 år. Her kan du snakke med helsesøster og lege.

Her finn du oss

  • Stad: 2. etasje i Rådhuset, inngang B
  • Opningstid: Tysdagar kl. 14.30 - 16.30. Helsestasjon for ungdom er stengt i skuleferiar.
  • Du treng ikkje timebestilling

Dette tilbyr vi

På helsestasjonen kan du snakke med helsesøster og lege, om til dømes rus, seksualitet, prevensjon, kjønnsjukdomar, psykiske problem, fysisk aktivitet og kosthald. Vi kan gje råd, rettleiing og tilby undersøking om det trengs. Vi kan vise deg vidare til andre hjelpetenester og spesialistar, dersom det er behov for det.
Alle vi som jobbar på helsestasjon for ungdom har teieplikt.

Pris

Tilbodet er gratis.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 25.01.2016 13:10

Kontakt

Marita  Wallevik
Marita Wallevik
fagleiar
Telefon: 56 57 50 36
Mobil: 922 82 434