Gratis HPV-vaksine til kvinner født 1991 og seinare

Bilde av ei sprøyte - Klikk for stort bilete

Alle kvinner født 1991 og seinare får tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV) gjennom eit toårig vaksinasjonsprogram. Her finn du datoar for vaksinasjon hausten 2017.

Kvinner som bur i Os får tilbod om vaksine på følgande tidspunkt:

 

  • Onsdag  8.  november kl. 12.00 – 17.00
  • Fredag   10. november kl. 09.00 – 12.00
  • Torsdag 14. desember kl.  12.00 – 17.00
  • Fredag 15. desember kl. 09.00 – 12.00

Stad: Os Nærjordmorsenter, 2. etasje Os rådhus, inngang B.  

Du treng ikkje å bestille time, berre møt opp! Ta kontakt på telefon 918 00 892 dersom datoane ikkje passar.

 

Bakgrunn

Programmet starta opp i november 2016. Vaksinen er anbefalt til unge kvinner for å førebygge livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdommen. Vaksinen kan gi vern sjølv om du har debutert seksuelt.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i sjuandeklasse sidan 2009. Frå hausten 2016 får uvaksinerte kvinner født 1991 og seinare også tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varar i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt i løpet av 6-12 månader og må derfor startast opp innan utgangen av 2018.

Meir om HPV og vaksinen

finn du på Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine