Om Friskliv og meistring

Friskliv og meistring (tidlegare Frisklivssentralener ei kommunal helse- og omsorgsteneste som gjev tilbod om hjelp til å endra levevanar, først og fremst når det gjeld fysisk aktivitet, kosthald og tobakk.

Friskliv og meistring vil gjere deg meir bevisst om kva du sjølv kan gjera for å meistra kvardagen på ein måte som gjev betre helse og føregygger livsstilsjukdomar.

Målet er god helse gjennom gode vanar i kosthald, aktivitet, planlegging og struktur. Vi har tru på små grep og endringar over tid, og fokuserer på meistring, støtte og kunnskap for at deltakarane skal lukkast.

Kva kan Friskliv og meistring tilby?

Tilboda kan vera ein helsesamtale, fysisk aktivitet, hjelp til å endre kosthaldet, stressmestring eller kurs for snus- og røykeslutt.

Oppfølginga varer i tre månader, men kan forlengast ved behov.

Friskliv og meistring følgjer skuleruta.

Kven kan ta kontakt?

Personar som har behov for støtte til å endra levevanar på grunn av:

  • auka risiko for sjukdom eller lidingar som kan knytast til levevanane
  • at slike lidingar allereie har starta å utvikla seg.

Du treng ikkje tilvising frå lege for å få tilgang til tenester hos oss.

Du kan sjøv ta kontakt, men må vera under 65 år og busett i Os.

Korleis tar eg kontakt?

Ta kontakt med Friskliv og meistring, helst via e-post frisklivssentralen@os-ho.kommune.no, for nærmare informasjon om tid, stad og påmelding til kurs og andre aktivitetar.

Facebook

Som aktiv deltakar i Friskliv og mestring sine aktivitetar vil du få tilgang til vår Facebookside. Dette er ei lukka gruppa, og leiar av Friskliv og mestring vil godkjenna spørsmål om medlemsskap.

Her legg vi ut aktuelle fagartiklar, aktivitetar for veka, og du kan bruka sida for å avtala med andre deltakarar om å gå tur og liknande.

Helsesamtale

I helsesamtalen finn vi ut saman kva du treng og ønsker av oppfølging. Vi har ein prat før oppstart, undervegs og ved slutten av oppfølgingsperioden. Vi lagar ein plan og set mål for din livsstil.

Oppslag i Os og Fusaposten

Den 4. februar 2015 fekk Friskliv og mestring (då Frisklivssentralenbrei omtale i Os og Fusaposten. Etter løyve publiserer vi heile artikkelen her (PDF, 658 kB).