Fysiske aktivitetar

Det er grundig dokumentert at fysisk aktivitet kan førebyggja og vera ein effektiv del av behandling og rehabilitering for ei rekkje sjukdomar.

 

Målet er at oppfølgingsperioden skal gjera deltakarane i stand til å halda aktiviteten oppe gjennom eigentrening eller som deltakarar i andre lokale tilbod. Vi gjer deltakarane bevisste på kor viktig det er med kvardagsaktivitet, som det å sykla eller gå i staden for å bruka bil.

Fysisk aktivitet ved Frisklivssentralen vert kjenneteikna av at personar med ulike risikofaktorer og/eller diagnosar, alder, fysisk form og kjønn deltek i same gruppe. Treningsøktene vert lagde til rette slik at alle, uansett fysisk form, får utbyte av treninga.

Inkluderande aktivitetar

Deltakarane skal oppleva aktiviteten som trygg. Instruktøren skal, i tillegg til å ivareta krav om at aktiviteten skal vera fagleg forsvarleg, leggja til rette for at deltakarane opplever miljøet knytt til gruppeaktivitetane, som inkluderande og aksepterande. Aktivitetane skal vera lett tilgjengelege, medverka til meistring og kunna overførast til aktivitetar den einskilde kan utføra på eiga hand utan hjelp frå Frisklivssentralen.

Nasjonale tilrådingar

Dei nasjonale tilrådingane er minst 30 minuttar dagleg med fysisk aktivitet med moderat intensitet for vaksne og eldre, og minst 60 minuttar dagleg, fysisk aktivitet med moderat intensitet for barn og unge.

Tilbod frå Frisklivssentralen

Deltakarar har høve til å kjøpa eit fleksibelt medlemsskap for kr. 255,- pr. månad i reseptperioden.

På tysdagar deltek vi på aquagym i regi av Actic i Osbadet. 

Gruppetrening med fysioterapeut eller annan med fagkompetanse innan trening.

Turgruppa har faste turar i Os og Bergen på onsdagar i tida 09.30 - 13.00. Vi tar omsyn til ønske og vêr.

Utetreninga går føre seg i hesteløype/Nordmarka. Det er ein felles tur på om lag fem kilometer, men du kan sjølv avgjera lengda.

Kontakt

Karen Hope  Nilsen
Karen Hope Nilsen
Leiar Frisklivssentralen
Mobil: 416 36 894