Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til personar som er avhengig av hjelp i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker.

Du har krav på hjelp dersom du er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla.

Kva kan vi tilby?

Heimehjelpa sine oppgåver er å hjelpa deg med tyngre husarbeid som støvsuging og vask av golv i dei rom du har i dagleg bruk, skifte på seng og vask av bad. Vindauga vert vaska to gongar i året innafor dei timane du har fått tildelt.

 

Kven kan søkja?

Eldre eller funksjonshemma som bur heime, og som treng praktisk hjelp til tyngre husarbeid.

 

Krav til søkjar

  • Tenesta krev at hushaldninga har tekniske/ elektriske innretningar og anna nødvendig utstyr som er vanleg i ein heim.

Det er kommunen som i samarbeid med deg avgjer kva for tenester du skal få. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime.

 

Slik søkjer du om heimehjelp

  • Fyll ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5202 Os. Du kan også levera søknadsskjema i Kommunetorget på rådhuset
  • Det er den som treng hjelp, ev. pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden. Om andre søkjer for deg, må dei leggja ved fullmakt.

Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?

Kva skjer vidare med søknaden?

Kva kostar tenesta?


Husstanden si samla inntekt avgjer kor mykje du må betala for heimehjelp.

Prisane vert fastsett årleg av Os kommunestyre, sjå prisar her.

Kontaktinformasjon:

Om du treng å komme i kontakt med nokon i heimehjelpa, kan du ringe vakttelefonen på telefonnummer
56 57 55 72 eller 56 57 55 73. Telefonen er åpen klokka 10-12 og 13-15

Kontakt

Kari  Wågsæther
Kari Wågsæther
Rådgjevar Bestillar- og forvaltarkontoret
Telefon: 56 57 51 82
Mobil: 916 83 210