Hjelpemiddel ved kortvarig nedsett funksjonsevne

Treng du hjelpemiddel grunna mellombels nedsett funksjonsevne, kan du venda deg til kommunen sitt hjelpemiddellager på Luranetunet, avd. Rehabilitering.

Lageret skal dekkja mellombelse hjelpebehov i inntil to år.

Vi kan tilby

Utlån av enkle hjelpemiddel:

  • Ganghjelpemiddel (krykkjer)
  • Transportrullestol
  • Toalettforhøyer
  • Dusjkrakk
  • Badekarbrett
  • Toalettstol
  • Arbeidsstol
  • Forhøyningsklossar
  • Manuelt hjertebrett

Hjelpemidla blir lånt ut frå kommunen sitt hjelpemiddellager, og skal hentast og returnerast til Luranetunet, Solstrandvegen 39.

Utlånet er tidsavgrensa til 3 månader, eventuelt lenger ved behov.

Kven kan søkja?

  • Dei som treng å låna hjelpemiddel for ein kort periode.
  • Du må bu i, eller ha mellombels opphald i kommunen.

Slik søkjer du om hjelpemiddel

Ta kontakt med servicemann på rehabiliteringsavdelinga, tlf. 56 57 55 05 / 982 34 472.

Pris

Tenesta er gratis.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 19.10.2016 12:20

Kontakt

Jan Helge Kordts
servicemann
Telefon: 56 57 55 05
Mobil: 982 34 472