Matlevering

Bur du heime og har problem med å lage middag til deg sjølv, kan du få ferdig mat levert. Du bestiller middag til så mange dagar som du ønskjer, og får levert maten ein eller to gonger i veka.

Fusa kommune og Os kommune samarbeider om denne tenesta. Målet vårt er å tilby ei god og stabil matleveringsteneste til heimebuande i den nye Bjørnafjorden kommune.

Kven er tilbodet for?

Eldre eller funksjonshemma som bur heime.

Praktisk informasjon

  • Maten kjem ferdig frå Fusa bu- og behandlingssenter. Du treng berre ta han ut av kjøpeskåpet ditt og varme han opp i vassbad eller mikrobølgeomn.
  • Levering tysdagar og torsdagar mellom klokka 11 og 14. Dersom du ikkje er heime i denne tida, treng vi nøklar til døra di slik at vi kan setje maten i kjøleskåpet ditt.
  • Vil du avbestille middagar eller stanse levering? Ring kjøkkenet på 56 58 02 10.

Pris

Middag med dessert kr 81,-

Middag utan dessert kr 74,-

Liten middag med dessert kr 57,-

Liten middag utan dessert kr 51,-

Prisane blir vurdert årleg av kommunestyret i Fusa. Fusa kommune vil sende faktura for middagane heim til deg i posten.


Slik går du fram 

Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester som du sender til Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5202 Os.

Dersom det er andre som søkjer for deg, må du leggja ved fullmakt.

Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?

Kva skjer vidare med søknaden?

Har du spørsmål?

Ring 56 57 51 82/56 57 50 35 eller send e-post.

     

    Kontakt

    Birgit Nora Holsen
    Birgit Nora Holsen
    leiar
    Telefon: 56 57 50 35
    Mobil: 916 54 099