Strøsand til eldre

Eldre personar er særleg utsett for fall på glatt føre, og mange av falla skjer like ved bustaden. Strøsand kan vere med på å førebygge fall.
Os kommune tilbyr difor ei bøtte gratis strøsand per husstand til eldre heimebuande i kommunen.

Kven kan få strøsand?

Personar over 70 år, som bur i Os kommune. Tilbodet gjeld per husstand. Dersom du ikkje kan hente sjølv eller få hjelp av andre til å hente, kan vi levere. 

NB! Grunna juleferie frå onsdag 20. desember, har vi diverre ikkje høve til å køyre ut strøsand før 2. januar. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Slik går du fram 

Ta kontakt med Frivilligsentralen eller tryggleikssjukepleiar i Os kommune for informasjon om kor du kan hente strøsand.

Kontakt

Bjørg Aspenes Sjøbø
Tryggleikssjukepleiar
Telefon: 56 57 50 21
Mobil: 900 12 091