Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ein alarm som eldre, funksjonshemma og sjuke ber på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar heile døgnet. Alarmen kan vere ein knapp som er festa på handleddet eller rundt halsen.

Tryggleiksalarmen er knytta til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleia. Vaktsentralen eller personell frå kommunen rykkjer ut heile døgnet dersom alarmen går.

Vi vil òg kople opp brannvarsling når vi installerer alarmen. Denne blir sendt direkte til brannvesenet. Det vil ikkje medføre ekstra kostnader for deg.

Du vil få ein nøkkelboks utanfor ytterdøra, der du må ha nøkkel til ytterdøra di. Heimesjukepleia vil ha nøkkel til nøkkelboksen.

Slik søker du om tryggleiksalarm

Bruk felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
Send søknaden til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5201 Os

Hjelp og rettleiing i søknadsprosessen

Kva skjer vidare med søknaden?

Det er ingen søknadsfrist. Søknader blir behandla etter kvart.

Kven kan søke om tryggleiksalarm?

Du som har auka risiko for fall, grunna redusert helse eller funksjonshemming.

Pris

Prisane blir fastsette årleg av Os kommunestyre.Sjå Os kommune sitt avgiftsbudsjett for 2018 (PDF, 533 kB), side 7.

Kontakt

Kari  Wågsæther
Kari Wågsæther
rådgjevar
Telefon: 56 57 51 82
Mobil: 916 83 210