Diabetesteam

Diabetesteamet er eit samarbeid mellom kommunane Os, Samnanger og Fusa. Teamet består av lege og diabetessjukepleiar.
Diabetessjukepleiaren gjer eigne konsultasjonar og ambulerer i dei tre kommunane.

Målet til diabetesteamet er å gje personar med diabetes betre oppfølging og behandling der dei bur, i tett samarbeid med fastlegen og spesialisthelsetenesta.

Kven kan få hjelp frå diabetesteamet?

Alle som har fått diagnosen diabetes i Os, Samnanger og Fusa. Pårørande er også ei aktuell målgruppe, saman med anna helsepersonell i kommunane.

Dette tilbyr vi

  • Opplæring i eigen kontroll av diabetes, blodsukkermåling, kosthald, tablettbehandling og insulinstart.
  • Oppfølging og kontroll av diabetes.
  • Oppfølging av diabetessår.
  • Kurs og opplæring innan temaet diabetes i kommunane.
  • Ved behov kan diabetessjukepleiar gjere heimebesøk.

Teamet samarbeider med mellom anna fastlegar, kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta, diabetesforbundet lokalt og fotterapeutar.

  • Fastlegen kan sende tilvising og bestilling til diabetesteamet.
  • Fastlegen skal framleis ha det medisinske behandlingsansvaret, og teamet vil gi skriftleg tilbakemelding til fastlegen om innhaldet i konsultasjonen og planlagde tiltak. 

Slik går du fram

Diabetesteamet er eit lågterskeltilbod. Du treng ikkje tilvising frå fastlegen, men kan ta direkte kontakt sjølv.
Fastlegane kan sende tilvising og bestilling til diabetesteamet

Her finn du oss

  • Os: Luranetunet i 1.etasje, Vestre Lurane 3.
  • Samnanger: Samnanger helsetun, Tyssevegen 138.
  • Fusa: Eikelandsosen Helsesenter 1. etasje, Leitet 26.

Kva kostar tenesta?

Tilbodet er gratis.

Kontakt

Diabetesteam
Osa, Fusa og Samnanger
Telefon: 906 78 912