KOLS-team

KOLS-teamet er eit samarbeid mellom kommunane Os, Samnanger og Fusa.
Målet med teamet er å hjelpe personar med KOLS til best mogeleg helse og livskvalitet gjennom tett oppfølging i lokalmiljøet.Teamet består av ein sjukepleiar i 100 % stilling og fysioterapeut i 40 % stilling.

Kven kan få hjelp frå KOLS-teamet?

Alle med diagnosen KOLS i kommunane Os, Samnanger og Fusa. Pårørande og anna helsepersonell er også ei viktig målgruppe.

Dette tilbyr vi

  • Opplæring og informasjon om diagnosen KOLS til den enkelte pasient og pårørande.
  • Råd om ernæring, medisinbruk, angst og depresjon, fysisk aktivitet og rehabilitering, oppdaterte lokale tilbod for pasientgruppa, samt røykeslutt.
  • Undervisning og kursing av tilsette i kommunane.
  • På sikt skal vi halde lokale kurs for personar med diagnosen kols.
  • Treningsgruppe for pasientar med KOLS.
    For påmelding, ta kontakt på e-post kolsteam@os-ho.kommune.no 

Teamet samarbeider med spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta, fastlegane, fysioterapeutar, ergoterapeutar, LHL Os, folkehelsekoordinator i Fusa og Samnanger og Frisklivssentralen i Os.

Slik går du fram

KOLS-teamet er eit lågterskeltilbod, og alle kan ta kontakt  for råd.
Føresetnaden for oppfølging er at du har diagnosen kols og sjølv ønskjer at teamet skal følgja deg opp. 
Du kan avtala konsultasjon på kontor eller få besøk heime.

Her finn du oss

Kontortid: Måndag 8- 17. Tysdag - fredag kl. 8-15

  • Os: Luranetunet i 1. etasje, Vestre Lurane 3
  • Samnanger: Samnanger helsetun, Tyssevegen 138
  • Fusa: Eikelandsosen helsesenter, 1. etasje, Leitet 26

Kva kostar tenesta?

Tilbodet er gratis.

Kontakt

KOLS-team
Os, Samnanger og Fusa
Telefon: 97 04 66 14