Kreftteamet er eit tverrfagleg team beståande av kreftsjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut i Os kommune. Målet til kreftteamet er å bidra til auka livskvalitet og ein enklare kvardag for deg som har eller har hatt ein kreftdiagnose.