ROP-oppfølgingsteam

ROP står for rus og psykisk liding. ROP-oppfølgingsteamet er oppretta for å ivareta personar som har ei psykisk liding og samstundes rusar seg.

Teamet er sett saman av fagpersonar med helse- og sosialfagleg utdanning. I tillegg har teamet tett samarbeid med ruskonsulent og psykologteneste. 

Kven kan få hjelp frå ROS-oppfølgingsteamet?

Slit du eller nokon du kjenner med både rus og psykiske lidingar, kan du ta kontakt med oss.

Slik skjer oppfølginga

Oppfølginga er individuelt tilpassa kvar enkelt mottakar. Teamet og mottakaren av tenesta kjem saman fram til kva han eller ho treng hjelp til, til dømes:  

  • Tilsyn og oppfølging i bustad
  • Etablering av individuell plan
  • Kartlegging av hjelpebehov
  • Koordinere samarbeid mellom kommune og spesialisthelseteneste

Slik går du fram

Send e-post eller ring oss, måndag til fredag, kl. 8-15.30.

 

Kontakt

ROP-oppfølgingsteam
Rus og psykiske lidingar
Olaug Sælen Steen
avd.leiar
Telefon: 56 57 52 11
Mobil: 980 67 514
Line Naterstad Solheim
Sosiale tenester/ NAV kommune
Telefon: 53 04 54 16
Mobil: 958 12 959
Eva-Mari Solberg
Einingsleiar Helsetenester
Telefon: 56 57 51 02
Mobil: 982 34 495